neste innlegg
Kan det kome noko av ingenting? Ja, om vi startar mjukt nok, kan det det.
Vi startar altså med 0. Om du ikkje har nokon vener, så er du ikkje dermed eit null, du har berre 0 vener; det er trist, og vi skal ikkje spøke for mykje med det.
Men om du er litt optimistisk, så kanskje du får ein ven, for etter 0 kjem 1. Er du pesismistisk, så tenkjer du kanskje at etter 0 kjem −1. Du får ein uven. Men matematikken er positiv og ikkje negativ, så han seier at etter 0 kjem 1.
Altså om vi har 0, (ingen), og får ein i tillegg, så har vi altså i alt 1. Med andre ord: 0 + 1 = 1.. Du får så ein ven til. Det heiter at mine vener er dine vener, så det kan jo godt hende. Etter 1 kjem 2, så då har du 2 vener. Du hadde 1 og fekk ein i tillegg, så i alt har du no 2, med andre ord 1 + 1 = 2.
No er vi i gang med å telje, og å telje vil seie å telje ein om gongen. Så lenge du veit kva som kjem etter, så er du berga. Det er altså nok at du kan telje ein om gongen. Etter 2 kjem 3, det er 1 meir enn 2. Så hvis vi får ein ven til i tillegg til dei to vi no har, så har vi 2 + 1 = 3 vener.
Dette må vel kallast mjuk matematikk?
Kva kjem så etter 3? Jo. då kjem 4. Men korleis veit vi at det er 4 som kjem etter 3? Svaret på dette er veldig enkelt. Det talet som kjem etter 3 kallar vi ganske enkelt for 4. Eller vi skriv det slik når vi bruker matematisk skrivemåte. Elles så heiter det jo fire på norsk.
Eit spørsmål som ikkje er så enkelt er: “korleis veit vi at det kjem eit tal etter 3?”. Dette tykkjer du kanskje ikkje er så utfordrande, men kva med eit tal etter to hundre og femtitre tusen billionar seks millioner fem hudre og åttifire tusen sju hundre og åtti fire? Kjem det eit tal etter dette?
Dei to spørsmåla er ikkje så mykje forskjellige og vi kunne like gjerne ha spurt, kjem det eit tal etter 2, etter 1 og til slutt, kjem det eit tal etter 0? Og heilt til slutt, er eigentleg 0 eit tal?
Soga held fram i morgon eller dagen etter i morgon eller neste veke.
Når det gjeld dagar, så har vi litt av det same. Etter søndag kjem mandag, etter mandag kjem tirsdag, etter tirsdag kjem onsdag, etter onsdag kjem torsdag, etter torsdag kjem fredag etter fredag kjem laurdag, etter laurdag kjem ???. No er det ikkje fleire dagar, men vi kan halde fram om vi vil. For vi veit at etter laurdag så kjem søndag.
Det vi her lista opp, liknar altså litt på opplistinga av tala, berre at vi her blei ferdige med opplistinga, i ein viss forstand. Vi seier i ein viss forstand, for det er og rett å seie at vi ikkje blir ferdige, vi går i ring.
Eit anna døme på det vi her er inne på er korleis klokkesletta er ordna. Vi seier ikkje meir om dette no. Om du vil, kan du tenkje på det sjøl, vi tek det opp seinare, snart eller etter ei stund.
starten på dette innlegget