Kan matematikk vere mjuk? Du kan svare med eit motspørsmål: kan ein katt vere mjuk?
Sjølsagt. Men ikkje alle er einige i det? Ein katt kan bite, han kan klore, han kan frese og ikkje minst han kan pisse. Men han kan og vere mjuk.
Det kjem sjølsagt an på korleis du nærmar deg katten. Eg stoppar her før det blir for utvatna og tåpeleg.
Men ein annan ting, kven er det eg skriv til eller for? Eg skriv til folk som er nysgjerrige på kva matematikk er, men som ikkje fekk noko ut av det dei lærte på skulen. Eg skriv altså ikkje til fortvilte elevar eller studentar som skal opp til eksamen og treng sårt til å speede opp læringsprosessen. Det fins mykje slik pensum-matematikk på nettet frå før av.
Eg skriv altså i første rekkje for vaksne menneske, men også ungdomsskuleelevar skal kunne ta til seg det eg kjem til å skrive, trur eg. Ein ungdomsskuleelev er jo i ferd med å bli eit vakse menneske. Men sidan eg skriv for vaksne menneske, så blir det ikkje skulematematikk, men matematikk. Men elevar skal jo ogso lære matematikk.
Om du elles ikkje har merka det, så skriv eg på norsk, det vil seie nynorsk. Det kunne jo vere ein tanke å skrive på gamalnorsk. For vikingane hadde ikkje berre skarpe sverd, dei hadde og ei skarp tunge. Men noko seier meg at dette ikkje er ein god idé. At eg ikkje skriv på bokmål er jo fordi eg ikkje skal skrive ei bok.
Til sist, eg vil leggje vekt på å halde ein lett tone, og vonar at det ikkje blir for dystert eller for krevjande. Men å vere for munter kan lett føre til at det blir tungt og irriterande å lese, så eg må leggje band på meg med tanke på begge fallgruvene.
Elles så vil eg ikkje prøve å gjere matematikken spesielt interessant, altså prøve å lokke folk til å lese fordi eg klarer å gjere matematikken morosam eller underhaldande. Det er heller slik at eg vil prøve å fortelje det som eg sjøl tykkjer er interessant. Og det er korleis vi tenkjer når vi gjer matematikk og kva for prinsipp vi følgjer.
Det kan jo tenkjast at det ikkje er berre eg i den store vide verda som ser det interessante i det som eg tykkjer er interessant. Men eg skriv jo på norsk, så eg blir kan hende meir åleine enn eg trur eg vil bli.
Til slutt: det einaste du treng å kunne av matematikk frå før av, er å telje, og å addere og gange saman dei tala du brukar når du tel, 0, 1, 2, 3, 4, … osb.